Arego
kw:!support_us

Nye persar på Bergenslekene for Stord utøvarar

15.09.2019 |Nils Hetleflåt

Under årets Bergensleker på Leikvang stadion, som vart arrangert i eit haustleg vêr med regn og blåst oppnådde Stord utøvarane fleire personlege rekordar. Dette skyldast at høgde, lengde og kula vart arrangert innandørs  i Leikvanghallen.

Laurdag 14.9: Sofie Skard (15) sprang 100m på 13,99 i motvind på 1,5 m/s og det gav 6.plass i hennar klasse, medan ho i lengde hoppa 4,61 m og med det plasserte ho seg på 2.plass og det var og ny personleg rekord med 20 cm. Mathilde Alfarnes Amundsen (13) opna med lengde og ho persa til 4,13 m og plasserte seg dermed som nr. 5. I spyd vart det seier til Mathilde med resultatet 28,55m.

Søndag 15.9: Sofie Skard (15) vann 80m hekk med tida 12,99 i sterk medvind og i høgde vart det seier med resultatet 1,50m. Mathilde Alfarnes Amundsen (13) vart nr. 3 i kula med resultatet 10,58m som er ny pers og ho vann spyd i jenter 15år med resultatet 29,25m. I denne klassen er tyngda på spydet 500 gram og dermed ny personleg rekord med denne spyd typen.

Kontakt
Kalendar