Arego
kw:!support_us

Nytt gull til Stord på tredje dag av NM på Byrkjelo

20.08.2018 |Nils Hetleflåt

På tredje dag av NM i Byrkjelo sprang Pernilla Eugenie Epland inn til sitt første gull i NM, då ho vann distansen 10000m på den sterke tida 34,04,98 og var med det over 5 sekund foran nr. 2 i løpet. 

Det var 8 løparar på startstreken og Pernilla, Vienna S. Dahle frå IL Skjalg og Maria Sagnes Wågan frå Namsos IL hadde avtalt å dra kvar tredje runde for å få ei best mogeleg sluttid. Desse kvinnene holdt seg til avtalen og dei passerte halvvegs på ca 17,16 min, men etter 6000m måtte Vienna sleppa då ho ikkje hadde dagen. Pernilla og Maria fortsatte ufortreden vidare i same farten, men etter 7600m var det Pernilla som drog løpet og Maria låg i ryggen på ho. Ved 500m før mål gjekk Maria til tet, men Pernilla svarte kontant på dette og gjekk til tet 1 runde før mål og satte opp ein siste runde på ca 68 sekund og vann dermed løpet med 5 sekund. Ho var svært glad og letta etter løpet som enda med seier. 

Lars Lunde sprang 10000m i herreklassen saman med 24 andre løparar, også på dette løpet var det gode forhold med fin temperatur og tilnærma vindstille. Lars passerte den første 5000m på 15,20 min, men fekk problem med sting like etter det og måtte sleppa opp litt på tempoet. På dei siste rundane hadde stinget sluppet taket og Lars auka farten kraftig. Han kom inn på tida 31,19,46 som er ny pers med over 15 sekund og han plasserte seg på 13.plass av dei 20 som fullførte distansen

 

Kontakt
Kalendar