Arego
kw:!support_us

Nytt sterkt løp av Pernilla i Strandebarm søndag 18.juni

18.06.2017 |Nils Hetleflåt

På stemnet Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm søndag 18.juni sprang Pernilla inn til nok ein personleg rekord på 1500m, då ho drog samtlege metrar i front av løpet og kom inn til tida 4,33,06. Dette er og forbetring av lagsrekorden til Stord då det var Pernilla som hadde den gamle. Med dette så har ho forbetra seg med nær 10 sekund sidan ho debuterte på distansen 3.mai

Neste konkurranse for Pernilla vert Värdsungdomsspelen i Gøteborg 30.juni - 2.juli.

Ole Christer Kvellestad (17) sprang 800m på HF laurdag 17.juni og han kom inn tida 2,11,30 som er årsbeste for han og 9.plass i feltet.

Kontakt
Kalendar