Arego
kw:!support_us

Oppsummering av dag 2 på Framolekene

05.06.2017 |Nils Hetleflåt

Sola gjorde seg klar slik at det vart ein fin dag på Fana stadion for alle utøvarane i dag. Først i aksjon var rekrutten Andreas Kringeland (9) som i lengdegropa strekte seg 2,29 m ut i sanden. Neste i aksjon var Julian (14) på 80m hekk og her vart det eit svært jamnt løp som Julian drog i land seieren med tida 12,10s mot 12,21 for 2.plass. På 60m i jenter 13 år sprang Nora i første heat og med tida 10,07s, som er ny pers for henne, vart det 4.plass i heatet. I det andre heatet sprang Ingvild inn til ny pers med tida 8,98s og seier. Totalt gav det 8.plass i klassen for Ingvild og 26.plass for Nora. I jenter 18/19 år sprang Tone (18) inn til seier med tida 8,07s i svak motvind. I rekrutt klassen sprang Andreas inn til tida 11,44 som er ny pers.

Tone deltok i høgde der resultatet vart 1,51 m og det holdt til 9.plass i den sterke konkurransen. I spyd vart det ingen gyldige kast på Tone medan det i kula vart resultatet 8,80m og 9.plass. Julian deltok i lengde konkurransen for gutar 14 år og han hadde ein god og jamn serie på sine 6 hopp, kor det lengste målte 5,30m som er ny personleg rekord. Det holdt til 4.plass i den sterke konkurransen. Andreas deltok og på liten ball i rekrutt klassen kor resultatet vart 17,12m og han var godt fornøgd med helga

På 1500m vart Arne og Vegard plassert i første heat. Arne tok føringa frå start, medan Vegard la seg litt meir avventane i feltet, men han sprang seg framover etterkvart. Ved passering 800m var Arne framleis i tet og Vegard var på 3.plass, og passeringa viste at det kunne gå mor pers for begge løparane. Etter ein liten down periode på tredje runden gjekk Arne fram i tet ved passering 1200m, medan Vegard framleis låg på 3.plass. I finishen spurta Arne best og kom inn på tida 4,17,73, seier og ny pers, medan Vegard sprang inn til tida 4,22,68 og ein pers forbetring på 4,34s. I det sterkaste heat var Lars plassert og har var farten høg frå start av og Lars la seg midt i feltet, men det viste seg at farten var for høg og han fall bakover i feltet og ved passering 1200m gav han seg.

Kontakt
Kalendar