Arego
kw:!support_us

Oppsummering av dag 3 på Framolekene

05.06.2017 |Nils Hetleflåt

Når tredje dag av Framolekene starta var det tilbake til grått vêr og forholdsvis kjøleg temperatur, men på sprinten var løpsretninga snudd slik at det vart medvind.

Julian starta dagen med 100m og i den jamne finalen sprang han inn til 3.plass i gutar 14 år med tida 12,35 som var ny pers og det gav 3.plass i konkurransen. I høgde for jenter 13 år svinga Sofie seg over 1,32m og det gav 4.plass. I spyd vart resultatet 16,88m og 7.plass. I kula vart det årsbeste og resultatet vart 7,14m, noko som holdt til 13.plass. 

I høgde for gutar 14 år vart resultatet 1,67 m for Julian, som hadde gode forsøk på 1,73m, og det gav seier. Pernilla E.Epland (KS) debuterte på 3000m for 2017 og i dette løpet sprang ho saman med gutar 16, 17 og 18/19 år. Ho sprang eit jamnt og sterkt løp, kor rundane varierte mellom 76,6s og 80,7s, og med dette sprang ho inn til sterke 9,48,51 min og seier i kvinneklassen. Dette var ny pers med nær 12 sekund og ny lagsrekord for Stord IL

Kontakt
Kalendar