Meny
OPpsummering av Karmøy maraton 17.november
29.11.2018
|Nils Hetleflåt
Årets Karmøy maraton vart avvikla under flotte forhold, med sol, vindstille og ein temperatur på rundt 6-7 grader ved starten på 10 km. Noko som var ein stor kontrast til forholda i 2017, då det var kraftig vind og regnbyger.
På 10 km var det Johannes Thomsen som sprang fortast av Stord løparane og han kom inn til tida 34,13 min og han var 9 sekund foran Vegard Havn, som kom inn på 34,22 min. Dette holdt til 6. og 7 .plass. Like bak sprang Martin Schei (18) inn til tida 35,14 min og det gav 9.plass i løpet. Katrine Hillestad sprang inn til tida 40,51 min og det gav 4.plass i kvinneklassen.
For alle løparane var det nye personlege rekordar.
Kontakt
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no
Kalendar