På veg til høgdetrening
I dag setter Tom Erling Kårbø seg på flyet til USA og høgdetrening i Flaggstaff i staten Arizona. I lag med fleire av dei beste mellom- og langdistanseløparane i Noreg skal han i dei 3 neste vekene opphalda seg på rundt 2000 moh. Nokre bur på hotell, medan Tom Erling i lag med 4 andre har leigd eit hus for sitt opphald. Alle har eit mål om å kvalifisera seg til EM i Zürich i midten av august og dei fleste av desse utøvarane skal springa i konkurransen Payton Invitational ved Stanford University i San Fransisco søndag 4.mai. For Tom Erling så er a-kravet på 3000m hinder på 8,37,50, medan b-kravet er på 8,45,00.
Payton Invitational vil vere streema og vert vist på enten www.flotrack.org eller www.runningspace.com. Dette er det andre høgdeopphaldet til Tom Erling denne sesongen, det første var i Dullstroom i Sør-Afrika i dei 3 første vekene i januar. Mange av dei same utøvarane som var i Sør-Afrika er på denne leiren i USA og.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no