Arego
kw:!support_us

Pernilla Eugenie Epland og Lars Lunde til halvmaraton i Venlo på søndag 31.mars

27.03.2019 |Nils Hetleflåt

På søndag 31.mars skal Pernilla Eugenie Epland og Lars Lunde springa halvmaraton i byen Venlo i Nederland. Begge to har fått plass i elitefeltet og dei får meget sterk konkurranse av løparar frå Afrika og resten av Europa. Vinnarane i 2018 sprang på hhv 59,44 min for menn og 67,49 min for kvinner. Totalt er det rundt 8000 løparar på hlvmaraton løpet og nær 20000 løparar på heile arrangementet.

Begge løparar kan rappoptere om god trening i forkant av løpet og målsettinga for begge er å pynta på sine personlege rekordar, som er hhv 69,55 min for Lars og 74,34 min for Pernilla.

Heimesida for arrangementet: https://www.venloop.com/

 

Kontakt
Kalendar