Pers på både Pernilla og Lars på sommerstemne 2018 på Bislett 18.juli
Under kveldens sommarstemne 2018 på Bislett stadion vart det nye personlege rekordar på både Pernilla Eugenie Epland og Lars Lunde.
Pernilla var først i elden på 3000m og det var 16 kvinner som stilte på startstreken og det var ideelle forhold på stadionen, med ca 23 grader og vindstille. Ho og Vienna S. Dahle hadde avtalt på førehånd å dra annakvar runde og det var ein taktikk som holdt seg godt. Etter ein litt rask førsterunde på 73 s fann dei rytmen og dei neste rundane gjekk 77-76-76-77-76-70-34 og det gav sluttida 9,19,58 og 2.plass i heatet. Det var ny personleg rekord med over 10,5 sekund og tilnærma fullklaff. Etter å ha stanga rundt 9,30 på 3 løp i år fekk ho eit godt løft idag.
Lars Lunde var neste mann ut på 10000 meteren som starta kl 21:30 og her var nok temoeraturen litt i det høgaste laget for å kalla det ideelle forhold. Totalt 30 løparar på startstreken og av desse så var det 5 løparar som gav seg undervegs. Lars opna første 5000m på ca 15,40 og kom inn på 4.plass med tida 31,35,54. Mange av løparane fekk det tungt denne kvelden og Lars var den einaste som satte ny personleg rekord på bane, men han har løpt 1 sek fortare på landevegsløp.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no