Meny
Perseløpet er avlyst
21.05.2024
Perseløpet på Stord stadion, som etter planen skulle arrangerast laurdag 8. juni, er dessverre avlyst.
Det har kome inn svært få påmeldingar til arrangementet, og med tanke på vêrmeldingane som føreligg, er det lite sannsynleg at det vil koma så mange fleire inn mot helga. Det er også mykje anna som skjer i regionen denne helga.
Dei som har betalt påmeldingsavgift får sjølvsagt refundert denne. Merk at det kan ta nokre dagar.
Stord friidrett beklager avlysinga, og håpar at deltakarane vil koma tilbake til Stordløpet søndag 1. september og Flyplassmila laurdag 21. september.
Takk for ein fin løpe- og friidrettsvår!
Kontakt
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no
Kalendar