Arego
kw:!support_us

Reisebrev frå Skottland

18.04.2016 |Nils Hetleflåt

Her er reisebrev frå Jacob Hystad og Arnfinn Aadland sin tur til Edingburgh:

Då sat me på toget frå Edinburgh til Aberdeen, og det er berre til å erkjenna at ein innhaldsrik og svært kjekk tur går mot slutten. Me tok fly frå Bergen til Aberdeen laurdag formiddag, og tok tog derfrå til Edinburgh.
Løpet me skulle springa denne gong, Great Edinburgh Run, er eit 10 miles (16,1 km) langt gateløp som går i og rundt Edinburgh sentrum. Løpet gjekk av stabelen søndag, så det vart ein tidleg kveld laurdag etter å ha fylla opp lagra med pizza.

Klokka 09:30 søndag morgon, stod Arnfinn Aadland (Arnfinn Bobbe Aadland for anledninga) og underteikna klare på startstreken. 5-6 varmegrader og 7 sekundmeter vind var løpsdagens fasit, og sola som var lova, låg i skjul bak hagltunge skyer.

Den første kilometeren gjekk kontrollert for begge to og me låg i same gruppe. Etter det løp me kvar for oss. Begge to havna mellom ulike felt og måtte således gjera jobben sjølv. Ingen rygg å gøyma seg bak i den kvasse motvinden. Allereie etter første mile vart me tekne på senga av bakkane. Lange og bratte bakkar som dukka opp med jamne mellomrom gjorde løypa krevande og hard. Det øydla uansett ingenting, for det var eit nydeleg løp. Me fekk sett mykje av Edinburghs gater, parkar og slott. Sjølv sola dukka opp etterkvart. I tillegg var det fleire sekkepipeblåsarar langs løypa, noko som gjorde totalopplevinga komplett. Arnfinn Bobbe passerte dei 10 første kilometrane omlag 1 minutt treigare enn han gjorde under Oslo halvmaraton i fjor, medan underteikna passerte nøyaktig 2 minuttar treigare enn i Oslo. Bakkane og motvinden gjorde altså sitt med snittfarten. Uansett - etter å ha sprunge i mål på henhaldsvis 56:02 og 59:14, var begge nøgde med eigen innsats. Me disponerte godt, og sprakk aldri. Eg fekk óg vera vitne til Arnfinn Bobbes superspurt, der han regelrett parkerte ein slitan brite. Eit estetisk vakkert syn.

Godt slitne, glade og letta, tok me taxi tilbake til hotellet, der me slappa av under dobbeldyna ei lita stund. Litt seinare på dagen fekk me besøk av ein anna kar frå sommarøya. Heidersmannen Jonas Angeltveit, som studerer i Glasgow, tok bussen til Edinburgh og vart med oss ut på ein betre middag, etterfulgt av vandring i Edinburghs vakre gater. Då den fysiske anstrengelsen tidlegare på dagen hadde dehydrert oss, var me flinke og påpasselege til å ha rikeleg med pausar for påfyll av væske.

Måndagen stakk me til Calton Hill, der me hadde 360° utsikt utover heile Edinburgh. Ein nydeleg by altså. Litt shopping vart det også.

Reisa til Skottland og Great Edinburgh Run har vore svært vellukka. Eit utruleg artig løp i ein vakker by, og totalprisen var absolutt overkommelig. Det var svært staseleg å representera Stord IL i i det store utlandet, og me skulle gjerne sett fleire i dei svarte og kvite draktane på startstreken. Til neste vår vert det ny utanlandstur og nytt løp. Dei som måtte ynskja er hjarteleg velkomne til å delta i reisefylgjet.

Avslutningsvis tek me ei kort oppsummering av arrangementet Great Edinburgh Run:

Løype: 9/10
Logistikk: 10/10
Pris: 9/10
Koseleghetsfaktor (Markjamilo er 10, og Stoltzekleiven opp er 1): 9/10
Skotske folk: 10/10

Absolutt eit løp til anbefaling!

Kind regards Jacob Hystad and Arnfinn Bobbe Aadland ♡

(Biletet er frå Calton Hill, og visar Edinburgh i bakgrunnen)

Kontakt
Kalendar