Arego
kw:!support_us

Resultat 2.dag frå Mailekene 2018

27.05.2018 |Nils Hetleflåt

Under 2.dag av Mailekene i Haugesund vart det oppnådd sterke resultater av utøvarane frå Stord IL. Sofie Skard opna med sterke 9,99 på 60 m hekk i jenter 14 år og seier på distansen. Dette var ny pers og første gong under 10 sekund. Mathilde A. Amundsen følgte opp med 31,44 på 200m i jenter 12 år og det gav 7.plass og satte samtdig ny pers. Ariel Christensen i jenter 13 år debuterte på 200m og sprang inn til den solide tida 29,72 og det holdt til 3.plass i klassen.



I kula for jenter 12 år vart det seier til Matihilde A. Amundsen med resultatet 9,32 og det var ny personleg rekord. Max Bloch (16) sprang 1500m og han kom i mål på tida 4,45,00 som er ny pers med over 3 sekund og det gav 2.plass i klassen. Pernilla Eugenie Epland (ks) vann 1500m for kvinner med den sterke tida 4,27,48, noko som er ny pers med nær 5 sekund og samtidig forbetring av hennes eiga klubbrekord. Ho var over 2 sekund foran nr. 2 i feltet og ho tok teten i løpet etter ca 1050m.  Passeringane hennes på 400-800-1200m var: 70,2-2,24,5-3,36,3

Kontakt
Kalendar