Arego
kw:!support_us

Resultat bruløpet og halvmaraton 9.juni

10.06.2021 |Nils Hetleflåt

Bruløpet og halvmaraton vart arrangert 9.juni under gode forhold, men med ein sjenerande vind i deler av løypa. Totalt 48 fullførande løparar, 11 på halvmaraton og 37 på bruløpet som er 10 km.

Første start var på halvmaraton og her var det debutanten Jørgen Almås som sprang inn til seier med tida 1,31,37 og med det var han 50 sek foran Per Martin Furevik på andre plass. I kvenneklassen var det Mona Tyssøy som vann med tida 1,53,43 foran Anne Sissel Skilbrei emd tida 1,57,25.

På bruløpet var det Lars Lunde som vann med tida 32,45min, som var ny løyperekord med 12 sekund, foran Martin Schei som sprang inn til tida 33,39 min og satte klar pers på gateløp. Ola Odland sprang inn til 3.plass med tida 36,21 min og han brukte løpet som ei siste hardøkt foran debuten på maraton som han skal ha i Midnight Sun Marathon laurdag 19.juni i Tromsø.

Laila Himle vann kvinneklassen med tida 41,40 min medan Oda Barth Vedøy og Elisabet Langseth Esperø fulgte på dei neste plassane med tidene 43,33 og 44,55.

Alle resultat finn men på følgjande side: Bruløpet 2021 (eqtiming.com)

Kontakt
Kalendar