Arego
kw:!support_us

Resultat første dag i Vasa på ETC

24.06.2017 |Nils Hetleflåt

På dagens 1500m i European Team championship i finske Vasa vart det nærast "jogge" tempo for løparane på dei to første rundane. passering første 400m på 67s og 800m på 2,20 min. Tom Erling låg på dette tidspunktet i den bakerste delen av feltet, men han avanserte og ved passering 1000m var han først i feltet. Farten var skrudd opp og ved passering 1100m var Tom rundt 6.plass og det vart gjort unna på 3,07 for hans del. Sjølv om han spurta det han var god for på siste runden så vart han frå løpt av dei fleste og han kom inn på 10.plass med tida 4,02,18, knappe 2 sekund på 2.plass. Siste 400m for Tom Erling gjekk unna på 55sek, men mot raske 800 og 1500m løparar så holder ikkje det.

Som han uttalte til media i etterkant av løpet: "følte at det var ein joggetur dei første 2 rundane". Han har fått ein fin gjennomkjøring og ein får håpa at det gjer godt foran hinderløpet i morgon. 

Kontakt
Kalendar