Arego
kw:!support_us

Resultat frå 3.dag av Tyrvinglekene 2019

16.06.2019 |Nils Hetleflåt

På tredje og siste dag av årets Tyrvingleker så oppnådde Stord sine utøvarar sterke resultat.

Alt i forsøket på 100m forbetra Julian Skimmeland Aasheim sin pers frå 11,69 til 11,58 då han vann sitt forsøksheat. I finalen seinare på dagen gjekk det enda fortare då han sprang inn til 2.plass i gutar 16 år med tida 11,38. Dermed forbetra han sin personlege rekord med heile 31 hundredelar. I høgdekonkurransen vart han ståande med 1,75m som sitt resultat og det holdt til 2.plass.

Jacob Vaula deltok i seniorklassen på 100m og i sitt forsøksheat sprang han inn til 2.plass med tida 10,98s og han kom vidare til a-finalen. I denne finalen gjekk det enda litt fortare då han sprang inn til tida 10,94 og totalt ein 5.plass.

Sofie Skard forbetra sin årsbeste i høgde frå 1,45 m til 1,50m og med det så plasserte ho seg på 5.plass i jenter 15 år.

Kontakt
Kalendar