Arego
kw:!support_us

Resultat frå junior EM i Eskilstuna 18/7-2015

24.07.2015 |Nils Hetleflåt

Laurdag 18.juli var Lars Lunde klar for sin EM debut på 5000m på bane i forbindelse med juniormeisterskapet som vart avvikla i svenske Eskilstuna. Totalt stod det 27 løparar på startstreken denne laurdagskvelden. Forholda var ikkje dei beste med ein ganske så sjenerande vind, medan temperaturen var rundt 18 grader.

Med denne vinden så vart det ikkje den store farten dei første 5 rundane (passering 2000m på 6,10) og feltet låg heilt samla, Lars låg godt plassert inne ved lista og langt framme i feltet. Det vart ein fartsauke etter desse 5 rundane og Lars hang med tetfeltet den neste 1000m, men då farten vart skrudd ytterligare opp måtte han sleppa. Han sprang inn til 17.plass med tida 15,10,19 og vart beste norske løpar. Vinnaren var frå Storbritania og sprang inn til tida 14,34,42 etter eit hardt spurtoppgjer.

Eit godt gjennomført løp av Lars og ein god EM debut for han. 

 

Kontakt
Kalendar