Arego
kw:!support_us

Resultat frå KM i friidrett på Fana stadion 27.-29.mai 2016

29.05.2016 |Nils Hetleflåt

Denne helga har stor KM gått av stabelen på Fana stadion og det vart fleire krinsmeistrar frå Stord. På fredag 27.mai var det Jacob Hystad som stakk av med seieren på 1500m i senior klassen for menn. Med tida 4,14,51 var han over 5 sekund foran nummer to.

Laurdag 28.mai var det Julian Skimmeland Aasheim (13) og Sofie Skard (12) frå Stord som deltok. Etter å ha vunne 60 m med 1 hundredel, kor tida vart 8,33 og ny pers, var han suveren i lengde kor han strakk seg til 5,28 m og satte ny pers. I høgde vart det ein ny tittel og med resultatet 1,55 m vart det ny pers i eit øs pøs regnvêr.

Sofie tok sølv i høgde med resultatet 1,35 m og ny pers, medan det vart ny pers i kula med resultatet 6,82 m og det holdt til 5. plass. På 60 m sprang Sofie inn til tida 9,62 og det gav 11.plass, medan resultatet hennes i lengde på 3,59m gav 12.plass.

 På søndag 29.mai var det Sondre Egeli Øvrebø i senior klassen som årsdebuterte i diskos med resultatet 37,57 og med det stakk av med førsteplassen. Jacob sprang 800m og etter dei rundane rundt banen stoppa klokka 2,02,38. Dette er ny personleg rekord og det holdt til 13.plass på distansen.

Kontakt
Kalendar