Arego
kw:!support_us

Resultat frå Tresjøarsløp 7.november i Stavanger

10.11.2015 |Nils Hetleflåt

Laurdag 7.november vart 3-sjøarsløpet arrangert i Stavanger, som er eit halvmaratonløp.

Frå Stord IL-friidrett stilte Tom Erling Kårbø og Oddmund Roalkvam, i tillegg var det fleire andre stordabuar som sprang. Det var fine forhold som møtte løparrane på løpsdagen med ca 12 grader og vindstille. Totalt var det 3000 løparar påmeldt til dette løpet.

Tom Erling debuterte på denne distansen medan Oddmund må reknast som ein veteran, både i alder og på distansen. Det vart tidleg klart at Tom Erling ikkje klarte å halda følge med tettrioen frå start av, men han fann ein god rytme og holdt ein fart på ca 3,10 min/km. Det viste seg etterkvart at to av dei tre i teten fekk problem med tempoet og på den siste kilometeren sprang Tom Erling seg opp på 2. plass i løpet og den holdt han til mål. Sjølv om han fekk problem med magekrampe etter ca 18 km og måtte senka tempoet på slutten av løpet, sprang han inn til tida 1,08,47.

Lenger bak i feltet sprang Oddmund eit meget sterkt løp og han kom inn til tida 1,18,23. Med dette sprang han inn til ein klar klassesiger i MV 55-59, beste tid av alle løparane over 45 år og totalt 23 plass i løpet.

 

Kontakt
Kalendar