Arego
kw:!support_us

Resultat Karabinlekene2020

14.09.2020 |Nils Hetleflåt

Stord sine utøvarar oppnådde mange sterke resultat på Karabinlekene, som vart arrangert på Fana stadion under vekslande vêrforhold.

Fredag 4.september debuterte Julian Skimmeland Aasheim på seniorhekkar på 400m hekk, dvs høgde på hekken var innstilt på 91,4 cm. Han kom inn til tida 56,62 og var med det under eit halvt sekund bak klubbrekorden,som er på 56,1s. Det holdt til 4.plass i seniorklassen.

Laurdag 5.september var Julian i aksjon på 110m hekk i seniorklassen og no var hekkane innstilt på 106cm høgde. Han vann med tida 15,49s i ein svak motvind og var med det under eit halvt sekund bak klubbrekorden, som er på 14,9s. På 100m vann Jacob Vaula superfinalen med 10,99 i 3,4 m/s motvind, medan han i forsøket sprang på 11,02 og John Arild Torkelsen sprang på 11,94s i sitt forsøksheat. I lengde vann John Arild med resultatet 5,44m.

Søndag 6.september sprang John Arild på tida 24,14 og det holdt til 7.plass.

Kontakt
Kalendar