Arego
kw:!support_us

Resultat KM 11år - senior på Fana stadion 22.-23.september

26.09.2018 |Nils Hetleflåt

Helgas KM for 11 år - senior på Fana stadion vart avvikla under sure forhold med kraftige regnbyer og ein svært sjenerande vind, som åpvirka resultata til utøvarane. 

På laurdag 22.september så årsdebuterte Sonde Egeli Øvrebø (MS) og det resulterte i at han vann diskos konkurransen med resultatet 36,19 m og han enda på 4.plass i kule konkurransen med resultatet 11,05 m. Sofie Skard (14) kom på 2.plass i høgde med resultatet 1,50, denne konkurransen gjekk innandørs pg a dei ufyselege forholda, i tillegg vart det 3plass med resultatet 10,30 på 60m hekk og 6.plass på 60m med tida 9,30.

På søndag 23.september så sprang Lars Lunde (MS) 5000m og dette løpet vann han med klar margin og vinnartida vart på 15,05,81.

Dermed vart det to kretsmeistrar frå Stord denne helga, Sondre Egeli Øvrebøog Lars Lunde.

Kontakt
Kalendar