Resultat motbakkeløp på Midtfjellet Vindkraftpark
Det var mange som stilte opp til motbakkeløpet "Mølleløpet" på Fitjar på laurdag 10.september og dei var heldige med fine forhold denne dagen. Det var eit stort felt som stod klar på strartstreken denne ettermiddagen.
Farten var stor frå start av og førehandsfavoritt Tom Erling Kårbø kom ikkje fram i teten før etter ca 1 km. I den harde stigningen frå 1 km og oppover var det Thomas Finshus som la seg i tet, men Tom Erling var ikkje meir enn ca 5 sek bak på det meste i den hardaste bakken. På slutten av denn bakken stivna Thomas og Tom Erling sprang fram i tet, men bakfrå kom Espen Roll Karlsen og han kom i kapp med Tom Erling.
Ved passering 2,5 km flater løypa ut og her var det Espen og Tom Erling som utgjorde tetduoen, og litt etter litt auka Tom Erling forspranget til Espen og når dei kom i mål etter 4,4 km var forspranget over halvminuttet i favør Tom Erling.
Arrangørane hadde lagt inn store pemiepremiar til dei 3 beste løpararane i kvinne- og herreklassen så det var fleire som fekk med seg gode kroner etter løpet.
Her er fullstendig resultatliste å finne: http://live.eqtiming.no/31144#result:97572-0-911857-1-1-
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no