Arego
kw:!support_us

Resultat Parkløpet 23.mars 2019

24.03.2019 |Nils Hetleflåt

Det tradisjonelle Parkløpet vart avvikla ved Stord Golfpark på laurdag 23.mars og vêret som møtte løparane og arrangøren denne dagen var av den meir ufyselege typen. Kraftig vind var det heile tida med kraftige regn og haglbyer.

Løparane, som kom frå dei ulike skulane i kommunen samt Fitjar IL, Haugesund IL, Stegaberg IL, Bremnes IL og Stord IL gav likevel alt det dei kunne og hadde ei fin oppleving denne dagen. Totalt var det 123 fullførande løparar

Her finn du resultata

Kontakt
Kalendar