Resultat Stordløpet 2021
Stordløpet vart arrangert 5.september og i den 44. utgåva vart det heimesieger på både 6 og 12 km for herrer. Etter ein lengre periode med opphaldsvêr var 12 km løypa utan glatte og våte parti i år og det gjorde at det vart løpt fort i løypa. Lars Lunde forbetra rekorden i denne løypetraseen frå 41,24 min til 40,59 min, medan det er sprunge på 39,40 min av Oddmund Roalkvam i ein lengre utgåve av løypa. Martin Schei sprang inn til 2. plass og Tom Erik Karlsen kom på 3.plass. Kvinnekalssen vart vunne av Marita Lie Nesse, Tysnes IL med tida 61,49 min.
På 6 km var det Vegard Havn som vann med tida 19,59 min foran Ezekiel Dante med 21,02 min og Ola Odland på 21,12 min. Kvinneklassen vart vunne av Nina Aarbø Olsen med tida 24,11 min foran Cornelia Bloch på 24,36 min og Guru Næs på 26,04 min.
Totalt var det 64 fullførande deltakarar i mosjonsklassane, i tillegg så var det 50 personar i turklassen og 28 løparar i barneløpet.
Fullstendig resultatliste finn du på denne linken: Stordløpet 2021 (eqtiming.com)
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no