Arego
kw:!support_us

Resultat Trond Mohn Games 22.august 2018

23.08.2018 |Nils Hetleflåt

Årets Trond Mohn Games som vart avvikla på Fana stadion i går hadde eit godt publikumsoppmøte med nær 4500 tilskuarar. Forholda var gode for mellomdistanse med ein temperatur på kring 15 grader og nær vindstille.

På 100m fekk Jacob Vaula spisa kirsebær med dei store gutta då han fekk plass i a-heatet. Dette takla han på ein imponerande måte og han sprang i mål på tida 11,11 i ein svak medvind på 1,0 m/s. Med dette vart han nr 7 i feltet kor vinnaren Gavin Smellie frå Canada sprang inn til tida 10,27.

På 3000m for menn var det 12 løparar på startstrekene og mellom dei var Tom Erling Kårbø. Etter ein litt "roleg" første runde auka haren farten kraftig på den neste runden og det vart ein splitt i feltet, der alle dei norske kom i den andre gruppa bortsett frå Henrik Ingebrigtsen som låg i den første gruppa.  Gruppa til Tom Erling passerte halvvegs på ca 4,01 og han låg greitt plassert i feltet. Ved passering 2400m gjekk han i front på gruppa og drog hardt etter at dei to foregåande rundane hadde gått litt rolegare. Ved målpassering viste klokka 8,02,49 på Tom Erling og ny pers med nær 4 sekund. Det holdt til ein 5.plass i det sterke felte kor Henrik Ingebrigtsen vann på 7,42,72 som er ny årsbeste i Europa.

 

Kontakt
Kalendar