Arego
kw:!support_us

Slått ut i forsøket på EM

12.08.2014 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø sprang inn til 9.plass i sitt forsøksheat med tida 8,42,33 på 3000m hinder. Dette holdt ikkje til å gå vidare til finalen då det gjekk fortare i det 2.heatet. For å nå finalen måtte han ha sprunge på 8.37.02. Totalt fekk han den 19.beste tida i forsøksheatet.

Gjennomføringa av løpet var for Tom Erling nærast ideell, han la seg inne ved lista og sprang dermed kortaste veg heile tida. Farten i feltet var lav slik at dette ville verte avgjort med ein langspurt. Her var dei beste av ein annan kaliber, då dei har perser på under 8,20, men tida til Tom Erling var like bak hans personlege rekord. Passeringa på 2000m var 5,54, slik at siste 1000m gjekk unna på 2,48. 

På intervjuet med NRK like etterpå uttalte han at han var godt nøgd med løpet sitt og fekk tatt ut det han var god for i dag. Vidare sa han at målet var å komme til finalen på 3000m hinder i EM i 2016 som går i Amsterdam.

Kontakt
Kalendar