Sommerstemne på Bislett 18.juli
På onsdag 18.juli skal Lars Lunde og Pernilla Eugenie Epland til Oslo sommerstemne 2018 på Bislett for å konkurrera, 10000m for Lars og 3000m for Pernilla. Lars årsdebuterer på 10000m og her er det påmeldt 34 løparar, slik at han får god drahjelp på løpet. Dei fremste skal prøva seg på EM-kravet, medan mange har eit mål om komma langt ned på 30-talet og for andre er det å klara og komma under NM kravet på 32,00 min I kvinneklassen er det påmeldt 19 løparar på 3000m og alle dei beste i Noreg stiller bortsett frå Karoline B. Grøvdal som er i førebuingane til Diamond Legaue i Monaco. Så her er det mogeleg for pers på begge løparane.
Det er meldt fine forhold på Bislett denne dagen så alt skal ligge til rette for at dei kan få gode løpsopplevelsar
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no