Arego
kw:!support_us

Sterk 35.plass på Tom Erling Kårbø i Em terrengløp i Chia på Sardinia i Italia

11.12.2016 |Nils Hetleflåt

Under dagens EM i terrengløp i Chia, på Sardinia i Italia sprang Tom Erling Kårbø inn til ein sterk 35.plass på det 10 km lange løpet og han fekk tida 29,37 min. Av totalt 80 startande løparar som stod på startstreken var det 74 løparar som fullførte løpet og Tom Erling var 1,58 min bak vinnaren, Aras Kaya frå Tyrkia. Resultata til dei norske løparane i løpet var som følger: 13. Sondre Nordstad Moen 28,46 min, 34.Marius Øyre Vedvik 29,34 min, 35. Tom Erling Kårbø 29,37 min, 71. Ørjan Grønnevig 32,30 min.

Her er løpsutviklinga for Tom Erling gjennom løpet:

Distanse Tom Erling  Plass  Runde tid Beste norske Vinnaren
590m 1,35 47   1,33 1,29
1090m 3,02 52 1,27 2,55 2,51
2560m 7,21 56 4,19 7,01 6,51
4030m 11,46 52 4,25 11,12 10,57
5500m 16,15 47 4,29 15,32 15,04
6970m 20,42 40 4,27 19,55 19,14
8440m 25,12 40 4,30 24,19 23,26
9940m 29,37 35 4,25 28,46 27,39

NB!! Første runde var 90 m lengre pga startstrekket og siste runde var 30 m lengre pga dei sprang inn til mål.

Fullstendig resultatliste finn du her:http://www.european-athletics.org/externalmodules/AT/pdf/ATM080101_C73L.pdf

 

Kontakt
Kalendar