Arego
kw:!support_us

Sterk første dag av Stord utøvarane på Tyrvinglekene

16.06.2017 |Nils Hetleflåt

Under flotte forhold på Nadderud med nær vindstille, halvskya og ein temperatur på godt over 20 grader presterte Stord utøvarane perser på løpande bånd.

Det starta i lengde for Julian Skimmeland Aasheim (14) som strakte seg til 5,41m i lengde og det holdt til 4.plass. Julian gav seg etter 3 hoppp for å førebu segtil 200m. På den påfølgande 200m starta han i bane 3 og hadde noregs beste i banen utanfor seg. Han låg ein god meter bak ut på oppløpssida og nærma seg nedover langsida, men måtte gi tapt med 10 hundredelar. Julian forbetra sin eigen pers til sterke 24,75, ned 24 hundredelar og som sagt 2.plass.

Tone S. Brakedal (18) såg fram til sin 200m og ho innfridde eigne forventningar då ho sprang inn til 2.plasss i heatet og tida 26,54. Dette var ein pers forbetring på 44 hundredelar og totalt holdt det til 12.plass i klassen.

Erlend Kringeland (14) var i det beste heatet av 3 heat på 600m og han fekk merka at ei veke i sjukesenga ikkje er den beste oppladninga, men med tida 1,37,61 var han like bak sin personlege rekord på 1,37,00. Han vart nr 11 av 29 løparar.

Pernilla E. Epland var klar for 3000m dagen etter sin flotte 1500m på Bislett. Totalt var det 27 løparar i dette feltet og her var ho meir aggresiv frå start av. Farten var meget stor frå start av i feltet og tetkvintetten passerte på 70s, medan Pernilla var litt meir moderat på sine 74s. Ho fulgte godt opp utover i løpet og passerte to av løparane som fekk kjenna den harde opningsfarten. Det fekk og Pernilla, men ho hadde ein sterk siste 200m og kom inn til tida 9,41,96. Dette var pers med over 6,5 s.

Arne Jordåen (17) var neste i aksjon og han opna godt og låg i gruppa bak leiaren og  passerte første 1000m på 3,06. Han nærma seg leiaren på den neste km, men han fekk det litt tyngre på den siste km og måtte gi nokre sekundar att. Tida vart 9,28,16 og seier i sin klasse, og ny pers med over 10 sekund.

Siste mann ut denne kvelden var Vegard Havn (20) på 3000m i b-heatet på 3000m. Også i dette heatet var farten høg frå start av og Vegard la seg i  nest siste gruppe. At Vegard satsa fekk ein sjå i det han passerte 1500m på ca 4,35, men det fekk han merka på siste halvdel og sluttida vart 9,39,10. Ein flott pers med nesten 20 sekund og det holdt til 14.plass i heatet og 38.plass totalt.

 

Kontakt
Kalendar