Arego
kw:!support_us

Sterk innsats av Stord sine utøvarar i UM på Jessheim

10.09.2019 |Nils Hetleflåt

Stord sine utøvarar gjorde ein sterk innsats på UM 15-19 år på Jessheim i helga og dei reiste heim til Stord med 4 gull-, 1 sølv- og 3 bronsemedaljar.

Fredag 6.september vart innleia med Jacob Vaula (18) på 100m forsøk i G18/19 og han kontrollerte inn til seier i forsøksheatet med tida 11,29. Julian Skimmeland Aasheim (16) sprang inn til 3.plass i sitt forsøksheat på tida 11,58 og var klar for semifinale seinare på dagen. Etter dette var det klart for Anna Solheim (15) som kasta diskosen 30,82m og det holdt til 3.plass i klassen. I semifinalen på 100m sprang Julian inn til 2.plass med tida 11,42 og klar for finale. I finalen sprang han inn tida 11,36 og det holdt til 3.plass i klassen og det var ny pers. I finalen for G18/19 vann Jacob klart og han passerte målstreken på sterke 10,78s, som var 11 under pers, men vindmålaraen stoppa på +2,3m/s og dermed vart ikkje det godkjent tid. På 300m hekk sprang Julian inn til klar seier med tida 39,77s og han vann med ca 1 sekund. Siste mann i aksjon denne dagen var Erlend Hatlem Kringeland (16) på 1500m hinder. Han forbetra persen sin med over 15 sekund og sprang inn til tida 4,30,30, som gav 2.plass på distansen og sølvmedalje.

Laurdag 7.september var prega av ein sur vind og konstant regn og temperaturen var mellom 10 og 12 grader. Først i aksjon denne dagen var Julian i tresteg og han klinka til allereide i første hoppet  med resultatet 13,25m. DEtte vart det einaste gyldige hoppet hans, men han vann konkurransen med over 50 cm. På 200m for G18/19 måtte Jacob kasta inn håndkledet då han kjente ein smerte i den venstre hamstringen. I høgdekonkurransen for jenter 15 år oppnådde Sofie Skard bronse med resultatet 1,52 m, medan Anna Solheim hoppa 1,46 m og det gav 6.plass. På 80m hekk vart det 4.plass på Sofie med resultatet 13,41 i kraftig motvind, medan Anna vart diskvalifisert for tjuvstart. Julian sprang inn til sin tredje gullmedalje då han vann 100m hekk med tida 14,19s i nesten 4 m/s motvind. Erlend sprang inn til 4.plass i sitt heat på 800m, medan han hamna på 13.plass totalt på distansen.

Søndag 8.september var det framleis ein "sur" vind som prega konkurransane og temperatur kring 10-12 grader. Anna støta kula og ho oppnådde resultat 10,31m som gav 5.plass i jenter 15 år. På 3000m var det 23 løparar i G16 og Erlend sprang inn til ny pers då han passerte målstreken på 9,11,99. Med dette resultatet så plasserte han seg på 4.plass og satte samtidig ny personleg rekord med over 8 sekund.

Dette var ei flott helg for både utøvarar og trenarar/foreldre frå Stord på eit haustleg arrangement på Jessheim.

Kontakt
Kalendar