Arego
kw:!support_us

Sterke prestasjonar på UM15-17 på Jessheim

02.09.2020 |Nils Hetleflåt

UM 15-17 vart arrangert på Jessheim 28.-30.august og i forhold til 2019 så var det gode forhold og fint vêr heile denne helga.

Fredag 28.august starta med Julian S. Aasheim (17) i tresteg og den regjerande meisteren oppnådde 13,80 m i første omgang. Det vart ingen auke seinare i konkurransen, men det holdt til klar seier for Julian. Eirik Natvik (15) var deretter i det første heatet på 100m og i svak motvind vart det 6.plass for debutanten på distansen med tida 12,27. Julian stilte opp som tittelforsvarar på 110m hekk i sin klasse og han forsvarte tittelen med tida 14,55s og vann med 2 tidelar i motvind  2,0.Sofie Skard (16) meldte pass til høgde då den øvelsen kolliderte med 300m hekk. det skulle visa seg som eit godt val då ho sprang inn til 3.plass på distansen med tida 48,71s. Anna Solheim (16) kombinerte øvingane høgde med diskos, og i høgde vart det 5.plass med årsbeste på 1,55m medan ho kasta diskosen til 31,36m og det gav 3.plass i konkurransen. Erlend H. Kringeland (17) stilte opp på 3000m og etter eit godt gjennomført løp kom han inn på tida 8,43,11 min og det gav 5.plass og ny pres med nesten 7 sekund.

Laurdag 29.august: opna med 80m hekk i jenter 16 for Stord IL sine utøvarar. Anna og Sofie som sprang i det same forsøksheatet. Anna suste inn til ny pers med 12,20s og Sofie sprang inn til tida 12,59, noko som gav høvevis 2. og 3. plass i heatet og klare for finale seinare på ettermiddagen. Juliand var i aksjon på 200m og han sprang inn til 2.plass i heatet sitt med tida 22,68s i litt for mykje medvind og vidare til finale på søndag. Eirik sprang inn til 5.plass i sitt heat på 200m med tida 24,49s og betra persen sin med 32 hundredelar. I tresteg for jenter 16 hoppa Sofie bare 2 hopp då ho fekk kjenning med ein gamal skade i hælen/ankelen og resultatet vart 9,96m som holdt til 6. plass i konkurransen. Anna var medaljekandidat i kulekonkurransen, men med resultatet 10,97m vart det 4.plass i konkurransen. i finalen på 80m hekk fekk Anna vist sitt konkurransepsyke då ho sprang inn til tida 11,93 og betra persen med nye 27 hundredelar og sprang inn til 3.plass. For Sofie så gjorde skaden frå trestegkonkurransen sitt til at ho ikkje fekk ut sitt beste, men med tida 12,72 sprang ho inn til 6.plass. Julian stilte opp på 300m hekk som tittelforsvarar og han viste igjen sine konkurranter ryggen då han sprang inn til tida 38,63 og ein ny seier. Dette var ny personleg rekord med over 4 tidelar. På 2000m hinder gjorde Erlend sin debut og det resulterte i 3.plass på distansen med tida 6,11,48.

Søndag 30.august var Julian først i aksjon på 200m og i god medvind sprang han inn til tida 22,91s og det gav 7.plass i konkurransen. På 800m for Erlend var det 4 heat og Erlend sprang inn til seier i det 2.heatet med tida 2,00,91 og ny pers. Totalt holdt det til 10.plass i klassen.

Oppsummert: 3 gull og 4 bronsemedaljer og 8 nye personlege rekordar, 10 beste klubb på medaljestatistikken. 

Kontakt
Kalendar