Arego
kw:!support_us

Sterke resultat av Stord utøvarane på Nornalekene 19. og 20. januar

24.01.2019 |Nils Hetleflåt

På årets føste større stemne i Hordaland, Nornalakene, stilte Stord med 10 deltakarar og dei oppnådde mange nye personlege rekordar.

På første dag så starta det med 60 m hekk og nyinnmeldte Anna Solheim (15), som kom frå Bremnes IL, vann på tida 9,59 og oh var 3 hundredelar foran Sofie Skard og som sikra dobbeltseier til Stord. Begge satte ny personleg rekord. Julian Skimmeland Aasheim (16) vann sin med tida 8,62 og satte ny personleg rekord. Anna fortsatte med 10,27m i kula som gav ny seier og ny personleg rekord. Sverre Stautland (14) debuterte på 800m og sprang inn til tida 2,34,77. Eirik Natvik (14) debuterte på 200m og han sprang inn til tida 26,61 og det holdt til 2.plass i klassen, medan Sverre sprang på tida 31,57. På 800 sprang Lars Lunde (MS) inn til 2.plass med tida 1,57,50 og satte ny personleg rekord. Sofie vann høgde med resultatet 1,54 og Anna hoppa 1,51 m og det gav 2.plass. Julian vann både høgde med 1,80m og tresteg med 12,46 m.

På søndag oppnådde Jacob Vaula ny personleg rekord på 60 m med tida 7,12s og vann b-finalen. Eirik (14) sprang inn til ny pers på 60 m med tida 8,16s og litt seinare på dagen sprang han inn til tida 61,40s på 400m og ny pers. Ariel Cristensen (14) sprang inn til tida 8,69 som holdt til 4.plass og ny innandørs pers. Martin Schei (19) debutete på 3000m og han vann klassen sin på tida 9,36,10. På 3000m i seniorklassen sprang Lars inn til ein ny 2.plass med tida 8,18,65 og ny pers, medan Johannes Thomsen (MS) kom inn på tida 9,40,51.

Kontakt
Kalendar