Meny
Sterke tidar av Stord løparar på Stavanger maraton laurdag 31.august
02.09.2019
|Nils Hetleflåt
På laurdagens Stavanger maraton oppnådde Stord IL-friidrett løparar sterke resultat på både 5 km og halvmaraton. Det var ein temperatur på knappe 20 grader, men ein sjenerande vind gjorde innverknad på sluttidene.
På 5 km løpet var det Lars Lunde som stakk av med seieren på den sterke tida 14,33 min og han var 6 sek foran Ørjan Grønnevig, Stavanger Spirit. Dette er den beste tida Lars har oppnådd på 5 km.
Katrine Hillestad sprang inn til tida 19,30 min og plasserte seg som nr. 6 i kvinneklassen.
Johannes Thomsen sprang inn til 6.plass på halvmaraton med tida 1,16,07 og han satte ny personleg rekord med nær 2 min på disansen.
Totalt var det over 1400 løparar på dei ulike distansane i Stavanger maraton
Kontakt
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no
Kalendar