Sterkt løp av Lars Jonassen Føyen
Lars Jonassen Føyen var i Watford laurdag 17.mai istadenfor å gå i borgartoget på Stord og sprang 1500m i Britishmilersclub sitt arrangement. Han var i d-heatet kor det var lagt opp til ein fart på rundt 3,52 for dei 12 løparane som stod på startstreken. Han var offensiv frå start av og la seg midt i feltet. Trenaren stod på passering 200m og klokka han på 31,1 som var akkurat på skjema. Ved passering 600m på 1,34,7 var Lars innesperra, men holdt seg roleg i feltet. Litt knuffing rundt 730 m, men han kom ikkje ut av rytme. Ved passering 1000m på 2,37,4 var det bare til å komme seg framver i feltet. Siste 500m gjekk unna på 1,15,1 og Lars fekk itda 3,52,57. Dette var ny pers med over 6 sekund og holdt til 3.plass i heatet. Eit flott løp av Lars som denne tida bare er 57 hundredeler bak kravet til junior EM i 2015.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no