Sterkt løp av Tom Erling Kårbø i Tilburg i Nederland
Tom Erling Kårbø var denne helga i Tilburg i Nederland for å springa i det internasjonale terrengløpet Warandeloop. Her stilte mange av dei beste løparane frå 12 ulike nasjonar i Europa, som brukte løpet som ein gjennomkjøring føre Europameisterskapet i terrengløp. For mange av desse nasjonane var det og siste uttakingsløp til EM, slik at konkurransen var god. Totalt var det 161 løparar påmeldt og frå Noreg stilte 8 løparar til start.
Det var trangt i starten og Vegard Ølstad var uheldig og fall etter ca 200, medan Tom Erling kom godt ut i feltet og låg rundt 40.plass ved dette punktet.
Løpet består av ein kort runde på 560m og 5 lange rundar på 1875m og har ei total lengde på på knappe 10000meter.
På den første lange runden avanserte Tom Erling litt i feltet og han lå fint plassert i den andre pulja. Første pulje bestod på dette tidspunktet av nærare 20 løparar og 4 av desse var frå Noreg. Med lange rette straker og tekniske parti med naturlege hinder så passa løypa veldig fint for Tom Erling. Han fortsatte og passere løparar jamnt og trutt gjennom dei neste rundane og ved passering 1 runde igjen hadde han sprunge seg opp til ca 15 plass i feltet og var 3.dje beste norske løpar. På den siste runden sprang han seg opp til 12.plass og vart nest best av dei norske løparane med tida 30,22 min. Med dette var han 24 sek bak vinnaren frå Noreg, Sondre Nordstad Moen.
Dette er det klart beste terrengløpet har gjort i Europa og han slo mange løparar med personleg rekordar langt nede på 13-talet på 5000m og under 29-talet på 10000m. Om dette er godt nok til å kvalifisere seg til det norske laget til Europameisterskapet i Chio, Italia, den 11.desember vil tida visa. Man at han har lagt inn ein god søknad er klart med dette løpet.
Resultata finn du her: http://evenementen.uitslagen.nl/2016/warandeloop/
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no