Meny
Stor aktivitet for Stord friidrett denne første helga i juni
02.06.2016
|Nils Hetleflåt
Til helga Stord sine utøvarar i aksjon fleire plasser i Noregs land. I Kristiansand skal Lars Lunde springa stadionmila og samtidig prøva seg på kravet til junior VM som er på 31:10 min.
På Framolekene på Fana stadion er det mange stordabuar som skal i aksjon; Julian S. Aasheim, Arne Jordåen, Ole Christer Kvellestad, Vegard Havn, Jacob Hystad, Ida Holm Neset og Tone Sandtorv Brakedal. Det er meldt flotte forhold heile helga så alt skulle ligge til rette for gode resultat.
Den som skal slita lengst er Arnfinn Aadland som skal springa Lysefjorden inn som er eit ultra løp på over 60 km. Hna starter 8:30 laurdag morgon og håper å vere i mål mellom 15:15 og 15:45 ein gong.
Kontakt
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no
Kalendar