To nye medaljer på dag 2 av UM15-19 i Trondheim
Det vart nye medlajer på Stord sine utøvarar på dag 2 av UM 15-19 i Trondheim. Anna Solheim innleia laurdagen med diskos kast og her vart det sølvplass med resultatet 32,36m som ho oppnådde i 6.omgang. I høgde vart resultatet 1,50m og det gav 5.plass i konkurransen.
Mathilde Alfarnes Amundsen (15) debuterte i UM og i dag var det spyd kast som stod på programmet. Ho innleia med eit kast på 37,53m og det skulle visa seg å verta beste resultatet hennes. Det holdt til ein 3.plass i konkurransen.
I morgon skal ho i aksjon i kula, medan Anna er ferdig med sine konkurranser i dette meisterskapet.
Mathilde oppnådde 4.plass i kula med resultatet 10,10m og var 65 cm bak bronsemedaljen. Ho måtte ha satt ny pers for å ha klart den plassen, så det var ein godkjent konkurranse for Mathilde sin del.
Totalt enda Stord IL-friidrett opp med 1 gull - 1 sølv - 1 bronsemedalje i meisterskapet.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no