Tom Erling Kårbø braut 8 min grensa på 3000m
Under laurdagens Trond Mohn Games på Fana stadion braut Tom Erling Kårbø den "magiske" 8 min grensa på 3000m, då han kom i mål på tida 7,58,48. Med det plasserte han seg som nr.2 på resultatlista, samtidig som han satte ny personleg rekord og klubbrekord for Stord. Den gamle rekorden hadde Johan Brekke og den var på 7,58,73 og vart sett på Bislett 22.mai 1984. Han la seg på halen av tetkvartetten, avanserte til 3.plass då haren gav seg etter 1600meter og der låg han til det var 100m igjen av løpet då han spurta inn til 2.plass. Her kommer rundetidene til Tom Erling: 66,0-62,6-63,5-2,08,6 (5,20,6)-65,3-63,7-28,8.
Pernilla Eugenie Epland sprang inn til 2.plass på sin 3000m med tida 9,43,49, noko som er ny sesongbeste med rundt 8 sekundar.
Johannes Sandvik Bø sprang inn til 4.plass i b-heatet i forøvelsane med tida 1,59,38.
Marius Torbjørnsen vart ståande utan resultat i høgde etter at han reiv i alle rte forsøka på 1,70m
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no