Meny
Tom Erling Kårbø klar for EM i terrengløp i Tilburg 9.desember.
29.11.2018
|Nils Hetleflåt
Tysdag 27.november sendte Norges Friidrettsforbund ut ei pressemelding over kven som skal representera Noreg i EM terrengløp i byen Tilburg i Nederland 9.desember. Stord løpararen Tom Erling Kårbø var blant dei 4 utvalgte løparane i menn senior saman med brødrene Henrik og Filip Ingebrigtsen og Ørjan Grønnevig. Dette er og eit lagmeisterskap kor dei 3 beste individuelt er teljande for laget.
Dette er det andre EM som Tom Erling Kårbø deltek på i 2018, i Berlin vart det 12.plass i finalen på 3000m hinder. I 2017 sprang Tom Erling inn til 31.plass i EM terrengløp i Samorin i Slovakia og i 2016 sprang han inn til 35.plass i Chia i Italia. Han er ein rutinert løpar som har representert Noreg i mange internasjonale meisterskap.
Kontakt
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no
Kalendar