Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø sprang inn til 36.plass i EM terrengløp i Tilburg, Nederland søndag 9.desember

11.12.2018 |Nils Hetleflåt

På EM terrengløp i Tilburg, Nederland, 9.desember sprang Tom Erling Kårbø inn til ein 36.plass i seniorklassen, kor det var 85 fullførande løparar. Med dette plasserte han seg som 3.dje beste norske løpar etter Filip Ingebrigtsen som vart Europamester og Henrik Ingebrigtsen på 18.plass. Totalt gav det 6.plass i lagkonkurransen for Noreg.

Oppladninga til løpet vart ikkje heilt som planlagt for Tom Erling då han vart sjuk natt til onsdag og måtte stå over 2 dagar med trening. Derfor var gjennomføringa av løpet for Tom Erling god og han sprang seg stadig opppover i feltet gjennom løpet. Målet var topp 30, men med denne oppladninga så må han seie seg godt fornøgd med gjennomføringa.

Alle resultat http://www.european-athletics.org/mm/Document/EventsMeetings/General/01/28/58/09/RESULTBOOKTILBURG2018_English.pdf

 

 

Kontakt
Kalendar