Arego
kw:!support_us

Tom Erling på 5000m i Nijmegen

05.06.2017 |Nils Hetleflåt

Fredag kveld var Tom Erling Kårbø på startstreken på 5000m i nederlandske Nijmegen. Håpet var ei tid ned mot 14,00 min. I feltet var det 25 løparar som stilte på startstreken og farten var forholdvis roleg i starten, men når den vart skrudd opp etter 1200m var Tom Erling for langt bak i feltet slik at han ikkje kom seg med i første pulje. DErmed vart han liggjande i den andre pulja og etter ei passering på 8,36 min på 3000m vart avslutninga atskilleleg sterkare og han sprang inn til 6.plass med tida 14,10,27. Dette var 2 sekund bak hans personlege rekord, men som han skreiv i ein sms: "eg fekk ei god avslutning slik at det vart ei positiv oppleving på løpet".

Tom Erling er no i Font Romeu, Frankrike  på høgdetreningsleir og skal ned til lavlandet og ein ny konkurranse på 3000m hinder i Leiden i Nederland den 17.juni.

Kontakt
Kalendar