Tom Erling sprang i Payton Invitational i Palo Alto, California
Tom Erling Kårbø deltok ved det kjente stemnet Payton Invitational ved Stanford University i byen Palo Alto i California søndag 4.mai. Han sprang i b-heatet på 3000m hinder som inneholdt 16 løparar. Dette løpet kom på dag 1 etter eitt lengre høgdeopphald i Flagstaff i Arizona for Tom Erling. Med tida 8,53,14 sprang han inn til 13.plass i heatet.
I ein kommentar etter løpet sa han at det gjekk greitt i 2200m, men at han hadde ingen ting å svara med då tempoet vart skrudd opp. Han var i hovudfeltet ved passering 2200m, men var ca 13,5 sek bak vinnaren i mål. Dette er det beste opningsløpet som Tom Erling nokon gong har gjort på 3000m hinder i løpet av alle desse sesongane han har sprunge. Neste individuelle konkurranse vert 3000m på elitestemnet på Bislett 22.mai
I dag setter han seg på flyet tilbake til Noreg igjen etter over 3 veker i USA.
Link til resultata: http://rtspt.com/events/stanford/pjc14/140504F016.htm
Her er og video av løpet til Tom Erling: http://www.flotrack.org/coverage/251506-Payton-Jordan-Invitational-2014/video/744883-Mens-3KSt-H02
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no