Arego
kw:!support_us

UM innandørs i Steinkjer 26.-28.2

28.02.2016 |Nils Hetleflåt

Frå Stord IL-friidrett stilte Tone Sandtorv Brakedal (17) i helgas UM i friidrett i Steinkjer.

På fredag 26 februar var ho i aksjon på 60 m hekk. Etter å ha gjort unna forsøket på 9,36 var ho klar finalen seinare på kvelden. I finalen vart det svært jamnt og Tone sprang inn til 3.plass med tida 9,16. Dette var ny personleg rekord med nesten 2 tidelar og lik tid som nr 2 i løpet. 

På laurdagen var det både 60m og lengde på programmet. Frå forsøket på 60m avanserte Tone til finalen som 8. og siste jente med 2 tusendelars margin. I finalen vart det 8.plass med tida 8,22, medan ho i forsøket sprang på 8,15. I lengde vart det ein flott 5.plass med resultatet 5,05 m.

Kontakt
Kalendar