Arego
kw:!support_us

Friidrett for 6-10 år

Om du har lyst til å starte på friidrett, eller berre vil vere med å prøve ut kva friidrett er, er det trening for gutar og jenter i alderen 6-10 år kvar tysdag frå 18.00-19.00. 

Elisabeth Sæle og Nils Hetleflåt er hovud trenarar. 

Utover hausten vil treninga føregå ute på Stord Stadion, og når det vert kaldare og mørkare er treninga i idrettshallen i Vikahaugane idrettspark. 

Treninga er nokså variert, med mykje leik. Me let sjølvsagt også deltakarane prøve ut det meste innan friidrett.

Vel møtt på Stord Stadion!

Kontakt
Kalendar