Meny
Friidrett for 6-11år
Om du har lyst til å starte på friidrett, eller berre vil vere med å prøve ut kva friidrett er, er det trening for gutar og jenter i alderen 6-11 år kvar tysdag frå 18.00-19.00.
Erlend Hatlem Kringeland, Julian Skimmeland Aasheim og Nils Hetleflåt er trenarar her.
Utover hausten vil treninga føregå ute på Stord Stadion, og når det vert kaldare og mørkare er treninga i idrettshallen i Vikahaugane idrettspark.
Treninga er nokså variert, med mykje leik. Me let sjølvsagt også deltakarane prøve ut det meste innan friidrett.
Vel møtt på Stord Stadion!
Kontakt
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no
Kalendar