Arego
kw:!support_us

Perseløpet på Stord stadion 2024

09.02.2024 |Joar Hystad

Laurdag 8. juni inviterer Stord friidrett til eit superfestleg banearrangement på Stord stadion. Det blir bluss, spenstig musikk frå DJ Jarle Bergseth og sal av kaffi, kaker, brus og pizza.

Sist me hadde eit tilsvarande arrangement var i 2022 då Industriløpet-gjengen inviterte til persekveld på stadion. No satsar me på å køyra arrangementet på dagtid i strålande solskin på Vikahaugane.

Påmelding gjer du via dette Google-skjemaet. Er du medlem i eit idrettslag, kan du velga om du vil melda deg på via Google-skjemaet eller via isonen.

PS! Ved påmelding til barneløp må du legga inn namn og telefonnummer til foresatt og svara på spørsmålet som gjeld bilete.

I 2024 er alle barneløp i regi av Stord friidrett gratis å delta på. Les meir om det her.

Me oppmodar særleg dei som aldri har prøvd å springa på bane til å bli med på dette. Her er det ingen tidspress, ein kan gi seg når ein vil og det er aldri langt tilbake til start- og målområdet.

Distansar:
5000m (12,5 rundar)
10.000m (25 rundar)
Barneløp (400m/800m, valfritt).

Nøyaktig tidsskjema kjem like før løpsdagen. Arrangementet har ei tidsramme frå klokka 10:00 til 15:00.

Meir informasjon kjem på Stord friidrett si Facebook-side.

Kontakt
Kalendar